Fotokonkurranse

Så moro at du har lyst til å bli med på Sommarskulens fotokonkurranse!
Eit bilde seier meir enn tusen ord blir det sagt.

Me vil at du skal uttrykkje ein følelse med fotografiet: «GLEDE».


Det kan vere sommarglede, gjensynsglede, ferieglede, badeglede osb. Det er mange ord ein kan kombinere med ordet «glede».

Du må velje den kombinasjonen som du likar best.

Du kan levere tre fotografi
Du kan velje om det skal vere svart/kvitt eller i farger
Du kan redigere fotografiet
Du gje fotografiet ein tittel
Fotografia leverast i god kvalitet


Vurderingskriterium

1.-4. kl:

Det må koma tydeleg fram at tittelen passar til fotografiet

5.-7. kl:

Det må koma tydeleg fram at tittelen passar til fotografiet

Bruk av farge, lys og f.eks. symbolikk til å uttrykke følelsen du vil få fram

8. -10. kl:

Det må koma tydeleg fram at tittelen passar til fotografiet

Bruk av farge, lys og f.eks. symbolikk til å uttrykke følelsen du vil få fram

Fotografiet er komponert slik at bodskapen kjem godt fram

 

Premiar:


Me delar ut tre førstepremiar pr. aldersgruppe på 1000 kr. kvar.

Bilda på 1. 2. og 3. plass i kvar gruppe blir printa ut og utstilt i biblioteket eller kommunehuset

 

Innlevering:

Arbeidet ditt sender inn frå 10. august til 12. august kl 20.00 på epost: 
konkurranse@sommarskulen.no 
(med Emne "Fotokonkurranse" + Ditt navn)