• Historie
    • Alle
    • Historien
  • Program
    • Alle
    • Informasjon 2019
    • Informasjon 2017
    • Informasjon 2018
    • Informasjon 2016
  • Plassane
    • Alle
    • Seljord
    • Brunkeberg
    • Kviteseid
    • Morgedal
    • Øyfjell
    • Åmot
    • Dalen
    • Vinje
    • Mjonøy
    • Grungedal
    • Edland
    • Haukeli
    • Haukeliheii
    • Vågslid
    • Haukelifjell
    • Ulevå
    • Dyrskar
    • Svandalflona
    • Røldal
  • Vegen
    • Alle
    • Røldalsveiene
  • Bildearkiv
  • Kontakt
    • Alle
    • Kontakt oss
  1. Home
  2. Program
  3. Informasjon 2018

Informasjon til deltakarane på pilegrimsvandringa til Røldal 2018

27 Feb, 2018


INFORMASJON TIL DELTAKARANE PÅ PILEGRIMSVANDRINGA TIL RØLDAL 2018

 

Er det spørsmål de eventuelt sit inne med, sender eg dette informasjonsbrevet. Skulle det vere ting de lurar på, og som ikkje er nemnt her, er det bare å ta kontakt ved e-post : margjor@online.noeller ringje 97 67 20 91.

 

KULTUR OG KYRKJE:

Det er historielaga i Vest-Telemark og einskildpersonar i Røldal som er årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrimsvandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han. Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet.

Pilegrimsvegen representerer gamal kulturhistorie, det same gjer bygdene og landskapet han går gjennom. Mellomalderen sine pilegrimsvandringar til Røldal er ein del av den historia vegen ber på.

Historielaga er framleis engasjerte i avviklinga av den årlege vandringa. Dei stiller med kjentmenn som er førarar på alle dagsetappane. Dei kjenner både vegen og den kulturhistoria som er knytt til han. Undervegs vil dei stoppe og fortelje om det som er av interesse.

Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som prosten i Vest –Telemark finn fram til. Han/ho er vandringsleiar på heile turen , og vil halde små, daglege tekstmeditasjon, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen.

Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer.

 

FRAMMØTE:

Den 28.juni startar gruppa som skal gå frå Seljord. Frammøte ved Seljord kyrkje.

 

Dersom det vert få som melder seg på frå Seljord , vil vandringa starte frå Åmot (Hyllandsfoss), søndag 1.juli kl. 09.30

 

Det er mogeleg å slutte seg til gruppa undervegs , eller berre gå deler av turen .

Den 4. juli startar vandringa for dei som skal gå frå Vågsli. Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågslid.

 

For dei som startar i Seljord den 28.juni: Vandringa startar med pilegrimsgudsteneste i Seljord kyrkje klokka 11.00. Etter messa og kyrkjekaffi samlast vi på kyrkjebakken. Her blir det historisk orientering om kyrkja og området rundt.Ta med nistepakke, det blir lenge til neste matpause. Bilen som skal frakte bagasjen står klar. Om lag klokka 12.00 legg vi i veg vestover.

For dei som vil setje att bilen i Seljord: Finn Granvin Kulturhus som ligg like ved Seljord sentrum. Det er skilta frå hovudvegen. Vi har fått lovnad på parkering på baksida av bygget.

For dei som kjem med buss: Både Haukeliekspressen og Telemarksekspressen stoppar i Seljord. For informasjon om rutetider: www.telemarkbil.no Telemark bilruter: 35065400. www.nor-way.no Tlf. 815 44 444

 

For dei som treng å overnatte i Seljord: Turistinformasjonen,”Møteplass Seljord”, har tlf. 35065988. Her vil de få informasjon om overnattingsstader. Sjå og www.visitseljord.no

 

NB! Den fyrste dagen har vi matpause både ved Seljord og Brunkeberg kyrkje. Ta med 1 - 2 matpakkar. Det blir middag i Morgedal om kvelden.

 

Dei som startar i Vågslid den 4.juli: Vi startar vandringa kl 9.15 om morgonen . For dei som bur langt unna, vil det vere mest praktisk å kome til Vågslid kvelden før. Vi bur på Haukelifjell Skisenter i Vågslid , ca. 11 km aust for Haukeliseter.

 

BAGASJE:

Bagasjen blir transportert frå overnattingsstad til overnattingsstad. Deltakarane ber berre med seg ein liten dagstursekk med nistepakke og det ein treng for dagen. Det er lurt å ta med ein liten termos.

 

DAGSETAPPANE:

Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal.

Vi arbeider med å legge vegen utanom asfalt der dette er mogeleg, men det er ikkje alle stader at det let seg gjere. Elles går turen langs grusvegar, stigar og i utmark.

Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Morgedal til Øyfjell (kupert terreng), frå Edland til Vågslid d.v.s. over Haukeliheii (bratt stigning opp frå dalen) og frå Vågslid til Ulevå, d.v.s. over Haukelifjell (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 m.o.h.

Det blir ordna med transport opp den bratte lia i Morgedal. Dei som ynskjer å gå opp lia kan sjølvsagt gjere det. Vi snakkar meir om dette når vi møtest.

I Seljord, Åmot, Haukeli (Spar) og i Røldal er det minibankar.

I Vågslid/Haukelifjellområdet (frå den 4.juli til 6.juli) må vi transporterast med buss fram og tilbake til overnattingsstaden , Haukelifjell Skisenter, kvar dag. Dette fordi det ikkje er andre passande overnattingsstader i dei områda vi går gjennom.

 

Vandringa frå Seljord til Røldal går over 9 ev. 6 dagar. Alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføre turen.

 

Etappane er slik:

 

28/6:Seljord – Morgedal. 22 km.

29/6: Morgedal – Øyfjell. 21 km.

30/6: Øyfjell – Åmot. 18 km.

1/7: Åmot – Mjonøy.15 km.

2/7: Mjonøy – Haukeligrend. 23 km.

3/7: Haukeligrend – Vågslid. 19 km.

4/7: Vågslid – Ulevå. 17 km.

5/7: Ulevå – Svandalsflona. 15 km.

6/7: Svandalsflona – Røldal. 12 km.

7/7: Pilegrimsseminar i Røldal

8/7: Pilegrimsseminar- Heimreise

 

OVERNATTING:

Vi overnattar for det meste i campinghytter med god kvalitet . Vi fyller opp hyttene slik at prisen pr. person blir låg. Alt er tinga på førehand.

I Haukeliområdet er det problem med overnatting for så stor gruppe. Løysinga er busstransport tilbake til skisenteret i Vågslid for overnatting også dei to siste nettene. I Røldal vert det overnatting i moderne campinghytter.

Til alle: Hugs å ta med sovepose.

 

 

MAT:

Dei fleste dagane steller vi brødmaten sjølve. Vi har med oss matpakke på turen kvar dag og har middag om kvelden.

All mat er inkludert i førehandinnbetalinga. Den prisen vi har rekna til innkjøp av brødmat er basert på erfaringar frå tidlegare år. Eit eventuelt overskot på denne kontoen vil bli bruka til vedlikehald av vegen.

Nokre stader kjøper vi all mat: Dag 4 overnattar vi på Mjonøy. Dette er ein stad som spesialiserar seg på tradisjonsmat. Vi får middag om kvelden, frukost neste dag og nistepakke med kaffe.

I Haukeligrend får vi middag på Haukeli Hotell & Restaurant. Frukost og matpakke same staden neste morgon.
Resten av turen får vi middagen ferdiglaga og tilkøyrd. Kjøkkenarbeidet er samarbeidsprosjekt! Framme i Røldal kjem vi til kyrkja under klokkeklemt. Det blir middag på Skysstasjonen etter at vi har kome fram . Om kvelden er det konsert i kyrkja. Etter konserten blir det sosialt samvær med kaffi og lappar. Røldal sokneråd spanderer dette på vandrarane.

Overnattingar , transport og all mat på turen, både brødmat og middagar, er med i førehandsinnbetalinga.

Det er ikkje tillate med hund.


PRAKTISKE RÅD:

Hugs sovepose.

Liten dagstursekk.

Gode fjellstøvlar eller andre vasstette sko.

Det kan og vere lurt å ha med eit par joggesko.

Gode turklede. Sjølv om vi ynskjer oss sol og fint ver,  så kan det bli både vått og hustrig.

Liten termos.

Vassflaske.

Hatt mot sola.

 

VIKTIG: Ta med utstyr til fotpleie!

Føtene blir såre og slitne, så det er viktig å stelle godt med dei.

Dette bør du ha med av utstyr:

Sportstape

Plaster

Sårutstyr

Avlastingsmateriell som kan klippast til rundt blemmer

Compeed (for dei som har god erfaring med det)

Nylonstrømpe (sokk) under, ullsokkar over.

 

Vassblemmer er som regel det største problemet. Taping er derfor viktig. Pluss gode sålar i skoa.

Hugs å ta med myntar. Einskilde stader er det myntapparat til dusjane.

 

FORSKJELLIG:

Sundag den 1.juli stoppar pilegrimane i Vinje kyrkje. Der vil det bli historisk orientering og pilegrimsmesse.

Vi blir ei samansett gruppe. Nokre er i god form, andre ikkje fullt så god. Det er viktig at vi prøver å halde saman under vandring slik at vi ikkje mistar kvarandre av syne og rotar oss bort.

Fint om mobiltelefonar er slått av medan vi går.

I 2007 gav vi ut boka ” Fann eg dei stigar” ei kulturhistorisk vegbok for strekninga. Alle som melder seg på og betalar, får ei bok ved oppstart av vandringa.

 

Pilegrimspass vil bli stempla for kvar dagsetappe.

Vi blir mange, og ein del ting må takast på sparket etter kvart, men med eit ope sinn og sporty innstilling skal vi gjere dette til ein fin tur .

Vi gjer merksam på at betalinga kan bare refunderast dersom vandringa skulle bli avlyst eller ved sjukdom.

Overnattingar og all mat på turen, både brødmat og middagar, er med i totalprisen.


Prisar på vandringspakkene:

Seljord – Røldal kr 8.000.-

Mjonøy (startar i Åmot) – Røldal kr 6.500

Vågslid - Røldal kr 5.000.-

 

Pilegrimsvegen til Røldal har konto nr. 3530.24.50895

 

Ein bed om innbetaling innan 1.juni .

 

Hjarteleg velkomne, alle saman!

Helsing

Margit Gjørv

vandringsorganisator
mail : margjor@online.no

Mitt mobilnr.:97 67 20 91


Copyright © Springbook 2016